Bestnet stiftelsen fikk Helse Vest sin kvalitetspris for 2011

Gleda var stor då seksjonsoverlege og amanuensis Guttorm Brattebø tok imot Helse Vest sin kvalitetspris for 2011 for arbeidet sitt gjennom 15 år for å skape betre teamarbeid blant personar som høyrer til akuttog traumeteam i føretaka. Foto: Bjørn Erik Larsen

Gleda var stor då seksjonsoverlege og amanuensis Guttorm Brattebø tok imot Helse Vest sin kvalitetspris for 2011 for arbeidet sitt gjennom 15 år for å skape betre teamarbeid blant personar som høyrer til akuttog traumeteam i føretaka.  
 – Det er svært hyggeleg å få denne prisen og dermed ei viktig verdsetjing av det arbeidet som er gjort i BEST-prosjektet. Vi har arbeidd målretta med BEST i snart 15 år, og det er innarbeidd i den daglege drifta. I Noreg er det no fleire enn fem tusen personar som har delteke på kurs i regi av BEST, og flest av dei i Helse Vest.
Skrevet av Siri Tjessem Fjælberg

Foto: Haakon Nordvik

Seksjonsoverlege og amanuensis Guttorm Brattebø Foto: Bjørn Erik Larsen
 

Gleda var stor då seksjonsoverlege og amanuensis Guttorm Brattebø tok imot Helse Vest sin kvalitetspris for 2011 for arbeidet sitt gjennom 15 år for å skape betre teamarbeid blant personar som høyrer til akuttog traumeteam i føretaka. Brattebø var med og starta det såkalla BEST-prosjektet i 1996. BEST står for ”Bedre og systematisk teamtrening”, og målet for prosjektet er blant anna å betre teamsamarbeid, kommunikasjon og leiing av team. I prosjektet er det utvikla ein kursmodell for tverrfagleg trening for personar som høyrer til akuttog traumeteam ved dei ulike sjukehusa. Oppdaga forskjellar i traumebehandlinga Det var erfaring frå luftambulansetenesta for fleire år sidan som gjorde at Brattebø ønskte å setje i gang arbeidet med å betre rutinane for akutt- og traumeteama. Han oppdaga at det var stor forskjell mellom korleis dei ulike sjukehusa tok imot og behandla alvorleg skadde pasientar. Saman med kollegaer frå luftfarten fekk han ideen med å bruke simulering og trene på kommunikasjon og teamarbeid i eige miljø og med eigne kollegaer. Det var ein ny tanke for 15 år sidan, men no er det ein naturleg del av treninga for heile Helse-Noreg.
Brattebø trekkjer fram fire punkt som dei viktigaste for å lukkast med treninga: • Ingen speler solo, det er kva teamet får til saman, som tel • Viktig med tverrfagleg arbeid mellom ulike profesjonar • Treninga skjer lokalt i eigne lokale med eige utstyr og kjende kollegaer • Etter trening kan kunnskapen straks nyttast i eige arbeid
– Det hadde ikkje vore det same om fleire kom til eit treningssenter ved eit større sjukehus for å trene på å handtere slike hendingar på ein ukjend stad og med ukjende personar. Vi var kanskje tidleg ute med å tenkje slik, men det har vist seg å vere rett prioritering, slår Brattebø fast. Hobby som kan redde liv For Brattebø er BEST-prosjektet blitt ein slags hobby. Han er ei av eldsjelene som bruker mykje av fritida si på dette arbeidet, som han brenn for, og han er framleis ein av kurshaldarane i BEST. Det har òg vist seg at denne måten å øve team på har late seg overføre til andre område, for eksempel i arbeid med sjuke barn, hjerneslag og stans av blødingar. – Til sjuande og sist er det pasientane som nyt godt av at helsepersonell lærer seg å kommunisere og samarbeide betre og gjere dei rette tinga i rett rekkefølgje og på rett måte når ulukker eller akutte hendingar er eit faktum, seier Guttorm Brattebø.
Professor dr.med. Hans Flaatten ved Haukeland universitetssjukehus fekk ifølgje grunngivinga til komiteen prisen fordi han gjennom ei årrekkje har stått sentralt i forbetringsarbeidet i Helse Vest. Engasjementet hans involverer alle dei fire temaa for kvalitetssatsinga i Helse Vest: kunnskap, pasientfokus, pasienttryggleik og resultatmålingar.
 

Professor dr.med. Hans Flaaten Foto: Bjørn Erik Larsen

– At eg var tildelt kvalitetsprisen, var ei overraskande melding å få, og eg blei veldig glad for å høyre det. Men prisen er først og fremst til alle medarbeidarane som arbeider og har arbeidd på intensivavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, seier Flaatten.
Tidleg ute med avviksregistrering I tillegg til å ha vore ein pioner i forsking på langtidsresultat av intensivopphald, har han vore ein sentral person frå starten i 1998 i arbeidet med å byggje opp, drifte og leie Norsk Intensivregister. Han har vore sterkt med i arbeidet med avviksregistrering i Noreg ved å innføre anonym avviksregistrering ved intensivavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus allereie i 1994. Registreringa har ført til mange endringar i lokale prosedyrar, og har sett sjukehuset i stand til å påverke utstyrsleverandørartil å forbetre produkta sine. – Det er dyrt å drive med intensivmedisin. Tanken min bak arbeidet har blant anna vore å forsvare at vi bruker så mykje pengar på dette feltet. Dersom vi skal rettferdiggjere bruken, må vi vise til gode resultat av den jobben vi gjer. Dersom vi har eit register med bra kvalitet, har vi eit betre grunnlag for å drive med forbetringsarbeid. Dette vil igjen føre til betre statistikk og endå betre kvalitet. Det er viktig å ha gode basisdata for å kunne seie noko om at kvalitet er oppnådd, seier Flaatten. Stort engasjement for pasientane Flaatten har gjennom ein periode på tjue år arbeidd målretta og entusiastisk for å betre kvaliteten i norsk medisin generelt og i intensivmedisin spesielt. Han har eit stort engasjement, både lokalt og internasjonalt. Målet har heile tida vore å skaffe seg kunnskap som fører til betre behandling og resultat for den kritisk sjuke pasienten, ifølgje brevet som fremma hans kandidatur til å få prisen. Også dei etterlatne etter dødsfall ved intensivavdelinga har vore i fokus for Flaatten. Han innførte tidleg tilbod om ettersamtalar for dei næraste pårørande. Dette er eit tilbod om tverrfagleg samtale og besøk i avdelinga, slik at etterlatne kan få svar på mange av dei spørsmåla dei måtte sitje inne med. – For meg har det vore viktig å gi alvorleg sjuke pasientar betre livskvalitet etter opphaldet ved intensivavdelinga. Det har vore ei stor utvikling på dette området i dei åra eg har arbeidd med dette. Kunnskapen vi no har om intensiv behandling, gjer at mange pasientar overlever til eit betre liv, seier Hans Flaatten.
Kilde: Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus